NM i friidrett vart avslutta med at Karsten Warholm kunne motta sin fjerde strake kongepokal. Då den regjerande europa- og verdsmeisteren på 400 meter hekk tok NM-gullet på favorittdistansen med sterke 49,01 fredag, la han alt inn ein god søknad om å ta endå ein kongepokal. Laurdag tok Dimna-løparen i tillegg gullet på 400 meter flatt.

EM-finalist Sigrid Borge sitt kast på 60,70 i spydfinalen førte til at Osterøy-utøvaren kunne notere seg for sin aller første kongepokal.

Og sjølv etter travle konkurransedagar stilte både kongepokalvinnarane og dei ettertrakta Ingebrigtsen-brørne velvillig opp for fotografering og «high fiving» med unge tilhengjarar.

– Flott at dei stiller opp. Kjekt og inspirerande for dei unge at dei får snakke med idrettsstjernene våre, seier Sonja Øvre-Flo, som sjølv er mor til aktive utøvarar i Stryn T & IL friidrett.

Irene Lødemel og Audun Gausemel frå Hornindal var mellom dei som hadde teke turen til Byrkjelo og NM-helga for å oppleve toppfriidrett på nært hald. Billettane hadde dei vunne gjennom Fjordingen.

– Det var utruleg kjekt å vere til stades, og mykje fin idrett å sjå. Okparaebo og Quarcoo på 100 m, til dømes, – det går ufatteleg raskt! Og Karsten Warholm, sjølvsagt, ein flott ambassadør for friidretten. Ikkje minst på 400 m hekk, der florøværingen Øyvind Strømmen Kjerpeset tok sølv. Og så er det sjølvsagt fantastisk å sjå Henrik og Jakob Ingebrigtsen, som gjer akkurat som dei vil med konkurrentane, seier Irene Lødemel.

Utruleg kjekt: – Utruleg kjekt å få vere her, seier Irene Lødemel og Audun Gausemel frå Hornindal IL, som vann billettar til NM gjennom Fjordingen.

Ho er sjølv tidlegare friidrettsutøvar og medlem av friidrettsgruppa i Hornindal IL, og gledde seg over både prestasjonane og arrangementet, der det også var fleire som tok medaljer på heimebane: Merete Helgheim, gull 3.000 meter kappgang, Trude Raad, gull, slegge, Thomas Mardal sølv og Evald Osnes Devik bronse, slegge, Else Lundestad Bakkelid bronse, diskos. Karsten Warholm vart tildelt Norges Friidrettsforbund sin gullmedalje, og stemneleiar Knut Lunde vart heidra av forbundet for sin store innsats for friidretten gjennom fleire tiår.

– Det var veldig gledeleg med lokale utøvarar frå Gloppen som gjorde det så godt. To gull, eitt sølv og ein bronse fekk eg med meg. Elles var laurdagen våt og vindfull, men det var fulle tribuner og god stemning, seier Irene Lødemel. – Breimningane kan å lage friidrettsfest!

Lødemel legg til at ho måtte på jobb søndag.

– Så dei øvingane som gjekk då fekk eg ikkje med meg, men eg skjønar at det vart mykje fin idrett då også!