Liatunet i Innvik vert rekna som eit av Vestlandets eldste mest komplette gardstun. Til saman elleve bygningar finn ein på garden som har røter tilbake til 1500-talet. Sistbuande var Brita Lien, ho budde fram til 1998 og testamenterte eigedomen til Stryn kommune. I 2001 vart det av praktiske omsyn oppretta ei stifting som som overtok Liatunet.

Utsyn: Li og Liatunet ligg flott til ovanfor gardane på Heggdal i Innvik. Den 7,72 m høge bautaen, som ein kan skimte litt av i framkant, er sagt å vere reist eigenhendig av den rørslege arbeidskaren Peder Lien. Det skjedde i 1934.– I klårvêr kan ein skimte toppen, fortalte Dag Vanberg spøkefullt.

– Målet er å halde ved like, og bruk er det beste vern, sa leiar for stiftinga, Dag Vanberg, då han ønska publikum velkomne og fortalte kort om bakgrunnen for Liatunet og om programmet for dagen. Vanberg er ein framifrå formidlar og han er eit programinnslag i seg sjølv der han levande fortel om hendingar som har funne stad i tunet.

Formidlar: Dag Vanberg er ein strålande formidlar og fortalde levande om livet i Liatunet og frieri på 30-talet.

Vaks opp i Liatunet

Ei som veit betre enn nokon om livet i Liatunet, i alle fall i nyare tid, er Idun Egge Nilsen -eller Idun i Li som ho helst blir kalla. Bornlause Brita og Peder Lien tok til seg Idun som var tanteungen til Brita. Ho flytta dit som åtteåring i 1951 og budde der fram til 1963.

– Eg har veldig mange gode minner her ifrå. Peder og Brita var veldig glad i born. Eg kom frå ein stor søskenflokk i Hjelledalen og var van med å dele med mange, og så kom eg her og var einebarn, smiler ho.

Styret for stiftinga Liatunet: F.v.leiar Dag Vanberg, Jon Idar Hilde, Hogne Reme, Asbjørn Heggdal, Solveig N. Heggdal og Idun Egge Nilsen. Sistnemnde vaks opp her frå ho var 8-20 år.

Idun sit i dag i styret for stiftinga og er svært takksam for innsatsen som vert gjort for å halde barndomsheimen i hevd.

– Det er heilt fantastisk korleis særleg Dag, Solveig og Asbjørn (Heggdal, journ. anm.) held det ved like, skryt Idun.

Idyll: Det er ikkje vanskeleg å finne roa i slike omgjevnader, mellom bærbuskar og frukttre i Liatunet.

Handverk og musikk

Sentralt for Sommartreffet er å gjenskape litt av den «gamle ånda» i tunet. Bakst laga i steinomnen i eldhuset, heimelaga rømegraut og demonstrasjon av gamalt handverk bidreg til det.

Sikringskost: 40 liter rømegraut fekk føter å gå på.
Freistingar: Tone Barnung og Ragnhild Vambeset kunne freiste med mykje god heimbakst frå steinomnen. Omlag 70 brød og 250 kanelsnurrar hadde bygdekvinnene sytt for.

Frå såpekoking og toving tidlegare år, hadde arrangøren valt å utvide handverksomgrepet noko, når dei denne gongen sette griseslakting på plakaten.Her demonstrerte Lidvin Hage handverket han sjølv hadde lært av Magne Høgalmen.

Også Randis gammeldansorkester gav liv i tunet med flott tradisjonsmusikk. Litt plass til ein svingom var det einaste som mangla!

Folkemusikk: Ein del av programmet søndag var mini-konsert i hagen med Randis gammaldansorkester. Dei baud på musikk frå både nære og meir fjerne spelemenn. Ein dyktig kvintett!