Vegmassar på deler av fv 722 til Flo skal skiftast ut for å tole påkjenninga som ventar når sjølve tunneldrivinga startar til våren. Det førebuande arbeidet som vart påbyrja ved Storesunde måndag er heilt påkrevd i følgje prosjektleiar Øystein Tytingvåg.

– Denne vegstrekninga vil ikkje tole tyngda av massetransport frå tunneldrivinga. Vi ser det også på vegen slik den er i dag, at den sprekk opp på midten, seier Tytingvåg i ei pressemelding. Han syner til mykje leire og lausmassar som må erstattast med ny masse.

Det er strynefirmaet Kveen AS som er entreprenør på oppdraget som er bereikna å vare i to månader. I første omgang blir det kortare stengingar på inntil ein halv time, men det er forventa at det blir behov for lengre stengeperiodar snart.

– Vi får oppretta ei varslingsteneste på SMS som folk kan melde seg på. Der får ein beskjed ved endring av stengetider, opplyser Tytingvåg.

Sjølve bygginga av Flotunnelen skal lysast ut i same kontrakt som Blaksettunnelen. Det vil skje i løpet av 2018. Anleggsstart er forsommaren 2019.