Folkejuryen samla seg i fylkeshuset i Bergen laurdag for å plukke ut ti av 667 innsende motiv som kan vere aktuelle til å bli nytt fylkesvåpen.

– Vi er svært glade for det store engasjementet som folk viser for det nye fylkesvåpenet. Talet på innsende forslag var over all forventing. Mange har også ønskt å vere med i folkejuryen. Dermed kunne vi setje saman ei gruppe med medlemar frå heile det nye fylket, seier Per Morten Ekerhovd, fylkesdirektør for kultur og idrett i Hordaland fylkeskommune, i ei pressemelding.

Etter eit miniforedrag om heraldikk, som er læra om våpenskjold, presenterte jurymedlemane sine fem favorittar for kvarandre. Sjølv om dei hadde 667 motiv å velje frå, var det fleire av forslaga som gjekk igjen som favoritt. Resten måtte juryen til slutt stemme over.

Diskusjonen var livleg rundt bordet, og laurdag ettermiddag vart dei einige om ti motiv som dei alle kunne stille seg bak.

– Desse har no peikt ut symbol som er samlande, typiske og varige og som går vidare til nettavstemminga, seier Ekerhovd.

Onsdag 22. august vil også fagjuryen avsløre sine ti favorittmotiv og folk kan då gå inn på nettet og røyste over kven som skal vinne.

Folkeavstemminga er open fram til 30. august på www.vlfk.no, www.hordaland.no og www.sfj.no. Vedkommande som har laga motivet som får flest stemmer, får ein premie på 25.000 kroner, og dei andre finalebidraga får 2.000 kroner kvar.

Forslaget som vert folkefavoritten, blir saman med tre forslag frå fagkomiteen tatt med vidare i ein designkonkurranse. Her blir inntil fem designbyrå inviterte til å lage sine forslag til nytt fylkesvåpen.

Etter at designbyråa har levert sine forslag skal fagkomiteen vurdere alle desse framlegga, og så innstille eitt av dei til nytt fylkesvåpen. Til slutt er det fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar som vedtek det endelege fylkesvåpenet for Vestland fylkeskommune mot slutten av året.

(©NPK)