I helga opplevde vi friidrett i verdsklasse på Byrkjelo. Under NM i lag med heile den norske friidrettseliten, deltok m.a. Karsten Warholm. Han vann som forventa 400 meter hekk fredag og 400 meter på laurdag.

Av andre kanoner må nemnast team Ingebrigtsen. Sølv-vinnar frå EM i Berlin Henrik Ingebrigtsen vann 5000 meter fredag. Laurdagen vann Jakob Ingebrigtsen 1500 meter. Som vi veit er han regjerande Europameister på 5000 meter frå Berlin. Filip Ingebrigtsen fekk sølv på søndagens 800 meter. Team Ingebrigtsen vann m.a.o. to gull og ein sølv. Det er sterkt.

Inn til gull: Jakob Ingebrigtsen tek gullmedalje på 1500 meter under NM på Byrkjelo i helga.

Sunt, trygt og godt

Under NM i helga møtte Fjordingen Gjert Ingebrigtsen og Klemet Bø. Ingebrigtsen kjem frå Nord-Jæren, nærare bestemt Sandnes, medan Tarjei og Johannes Thingnes Bø kjem frå Stryn.

Begge familiane har til felles at dei har lagt godt til rette for at sønene i svært ung alder skulle få utvikle seg i eit sunt, trygt og godt idrettsmiljø. Når ein ser dei gode resultata og prestasjonane alle desse gutane har oppnådd, skjønar vi fort at utgangspunktet har vore solid. Men Klemet legg fort til:

– Eg har ikkje vore trenar for gutane mine etter dei vart 15-16 år. Det har andre tatt seg av.

- Alt kjem ikkje rekande på ei fjøl

– Men du har vel vore aktiv med på skiskyttarstadion og lagt til rette for at skiskyttarmiljøet skulle vekse i Stryn?

– Ja, det er riktig det, svarar Klemet og seier at det har blitt mykje dugnad og tilrettelegging for at både mine born og andre skulle få utvikle skiskyttartalentet. Både nytt skiskyttarstadion og rulleskibane har kome som fylgje av dette.

– Men du Gjert, du er trenar for gutane dine?

– Ja, det er riktig. Men alt kjem ikkje rekande på ei fjøl. Vi har gjennomgått mykje prøving og feiling.

–Men kan du som far bli altfor streng som trenar?

– Nei, svarar Gjert, men eg likar å vere strukturert, disiplinert og korrekt!

Far og søner: Filip t.v., Gjert og Jakob Ingebrigtsen. Storebror Henrik var også på plass og tok med seg NM-gull før han reiste heim.

Familietreff på meisterskap

– Klemet, du har ikkje Tarjei og Johannes her.

– Nei, dei er på treningsleir nede i Italia. Dei er mykje i utlandet på reise, både på treningsleirar og sjølvsagt gjennom heile konkurransesesongen i vinterhalvåret.

– Ser du dei i det heile tatt? – Dei bur begge i Oslo, og Stryne-turar blir det ikkje så ofte. Men vi får likevel ein del treffpunkt gjennom året, enten i Stryn eller Oslo. Vidare reiser vi fast til opningshelga på Sjusjøen og når verdscupen er i Holmenkollen. Komande vinter er VM i Østersund, så vi blir nok ei veke der.

Gjert nikkar samstemt:

– Då vi reiste til EM i Berlin reiste vi flest mogleg og opplevde EM som eitt av dei største familietreffa våre, der også dei minste var med.

Ikkje idrett ved middagsbordet

Då vi spurde desse seriøse fedrane om dei prata idrett og rundetider ved middagsbordet, kom det fort frå Gjert:

– Ikkje i det heile tatt. Det er viktig at gutane også får eit normalt forhold til dagleglivet –skule, oppvekst og privatliv. Dessutan, fortset ein energisk pappa Gjert: – Eg prøver å sjå det «heile mennesket» i gutane. At dei m.a. skal tru på seg sjølve og oppleve samhaldet i familien.

Klemet er langt på veg samd i dette, og at livet ikkje berre dreier seg om sport og idrettsprestasjonar.

Imponert over skiskyttarane

– Spring gutane dine 10.000 meter?

– Nei, svarar Gjert, det blir nesten ein heilt annan idrett, og det må då trenast på ein heilt annan måte. Difor er eg imponert over skiskyttarane som har så mange forskjellige øvingar å forhalde seg til (sprint, jaktstart, fellesstart, normal, stafett og mix-stafett).

– Men så er skiskyting noko av det mest spanande ein ser på TV, seier pappa Gjert og begge fedrane ser stornøgde ut.

– Klemet og Gjert har aldri treft kvarandre før. Men kanskje blir det treff i Sandnes neste år på Blinkfestivalen? Då skal vel stryningane skyte blink på rulleski i gatene der?