SINTEF Energi, ved Hanne Hauko, har søkt Stryn kommune om kr 37.500 i tilskot til utarbeiding av eit forprosjekt med målsetting om å finne alternative løysingar for energiforsyning til sommarskisenteret.

Stryn Sommarski vert i dag forsynt med energi frå eit dieseldrive straumaggregat.

Forprosjektet skal utgreie berekraftige energiløysingar, samt utarbeide ein søknad om støtte til klima- og miljøtiltak frå Sogn og Fjordane fylkeskommune. Følgande fininasieringsplan er presentert:

  • Stryn kommune kr 37.500.- (justert i samråd med søkjar)

  • Eigeninnnsats kr 12.500.- ( justert i samråd med søkjar)

  • Sum finansiering kr 50.000.-

Rådmannen skriv i si vurdering at ei utfasing av dieselaaggregatet, som i dag forsyner service- og heisanlegget, vil vere eit viktig klima og miljøtiltak, men vil også vere eit viktig tiltak for å redusere driftskostnadane ved anlegget på sikt.

Rådmannen poengterar og at ei grøn energiløysing vil kunne styrke sommarskisenteret sitt omdømme og tilrår difor at søkanden vert imøtekomen:

- Stryn kommune løyver eit tilskot på kr 37.500 til utarbeiding av forprosjekt for ei grømn energiløysing for Stryn sommarskisenter. Dekking gjennom kommunalt næringsfond, heiter det av tilrådinga.

Formannskapet handsamar søknaden onsdag.

Sjå video: Sesongavslutning ved Stryn Sommerski

Les også: Stryn Sommerski får Catskiing