Det har vore mykje fokus på mangelen på offentlege toalett i sentrum av turistbygda Olden i sommar. No tek kommunen grep og set opp ei midlertidig løysing. Til turistsesongen neste år skal permanente toalett vere på plass.

Problemet med for få offentlege toalett i Olden har særleg vore synleg når fleire cruiseskip ligg til kai, og tusenvis av cruiseturistar og andre turistar inntek bygda. Det har tidvis vore lange køar utanfor dei offentlege toaletta i sentrum, og fleire butikkar har også fått spørsmål om dei har eit toalett ledig.

Har teke tak

– I sommar har det vore utfordrande når det gjeld toalettkapasiteten i Olden, og særleg når det er mykje folk. Vi såg at dette ikkje gjekk, spesielt på godversdagar når vi hadde toppar av turistar her. Men vi har no teke tak i problemet, og set opp denne midlertidige toalettløysinga, seier ordførar Sven Flo. Han fortel at det blir jobba med ei permanent løysing som skal vere på plass i same området til komande sesong. Dette arbeidet vil kommunen planlegge vidare utover hausten.

Pengar på bordet

– Det er viktig å få plass denne løysinga til siste del av sesongen. Det har heller ikkje vore nokon diskusjon om at dette arbeidet måtte prioriterast raskt, og vi fekk pengar på bordet til desse toaletta, seier Flo vidare. Ordføraren er glad for at ein no har fått til denne midlertidige løysinga, og han håpar dette gir ei betre oppleving for alle i Olden, både fastbuande og turistar.

Arbeidet starta fredag

Fredag var Martinus Vik frå Melkevoll Maskin og Ole Jakob Sande frå Olden Rør i full gong med grunnarbeidet. Fjordingen var med ordføraren på ei rask synfaring, og han kunne fortelje at dei midlertidige toaletta skal vere på plass og klare til bruk i løpet av denne veka.

Kommunen har også fått sett opp skilt som viser veg til toaletta på Oldeleirane. Tysdag er det venta tre cruiseskip i Olden.

Martinus Vik ved dei nye toaletta i Olden. Toaletta skal vere i drift i løpet av denne veka. Foto: Stryn kommune
Det er sett opp skilt for å vise veg til dei nye toaletta på Oldeleirane. Foto: Stryn kommune