Fagjuryen og folkejuryen har valt ut 18 av dei 667 forslaga til fylkesvåpen som kom inn i den utlyste konkurransen.

Desse skal publikum stemme over på nett fram til 30. august. Det utkastet som får flest stemmer blir «folkefavoritten», men det betyr ikkje at dette blir det endelege forslaget til fylkesvåpen. Vegen fram er enno lang, og folket sin favoritt kan falle av undervegs.

Designbyrå

«Folkefavoritten» skal saman med tre forslag frå fagkomiteen sendast vidare til profesjonelle designbyrå.

Designbyråa skal gjennom ein designkonkurranse legge fram sine forslag til fylkesvåpen. Dei på si side står fritt til å bruke «folkefavoritten» og dei andre forslaga som inspirasjon, basere sitt utkast i si heilskap på eitt av dei innkomne forslaga – eller designe noko heilt nytt.

Fylkestinga tek endeleg avgjerd

Etter at designbyråa har levert sine forslag skal fagkomiteen vurdere desse framlegga og til slutt innstille eitt av dei til nytt fylkesvåpen. Det endelege ordet har fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane, som skal ta endeleg avgjerd om fylkesvåpen for Vestland fylkeskommune mot slutten av året.

Finalistfylkevåpena er teikna av:

Ola Henning Målsnes

Øyvind Andersson

Brage Dybwad

Brede Taraldset

Jessica Ella Smith

Gaute Knapstad

Jorunn Andreassen (to stk)

Anita Johannessen

Helge Oskar Alsos

Per Flatøy

Even Jarl Skoglund

Jens Drageset

Vilde Heggland

Rebecka Fedøy Randal

Ragnar Vikøren

Peter Ernst W. D. Hanssen

Frank Halhjem

Personen som har utforma forslaget som får flest stemmer i nettavstemminga vil få 25.000 kroner i premie. Dei andre finalistane får 2.000 kr kvar.

Du kan m.a. stemme på nettsida til den nye fylkeskommunen, www.vlfk.no