Vest Politidistrikt har fått mykje kritikk den siste tida, men ønskjer å korrigere noko av den.

Leiaren av omsorgssenteret i Hornindal, Ragnhild Aarflot Kalland, fortalde til Fjordingen at det tok om lag ein time frå dei ringde operasjonssentralen på tlf. 02800 før dei fekk snakke med politiet om ein sakna-situasjon.

Vidare vart lokalt politi i Stryn kalla ut til Nordfjordeid for å leite etter mannen som var sakna i Hornindal, omlag 37 kilometer unna.

Politiet har gått grundig igjennom lydloggen og kan forklare kva som hende og tida det tok.

– Det vart sagt at dei venta ein time på svar frå oss. Riktig er at dei venta 31 minutt. Det er framleis altfor lenge, så dette tek vi sjølvkritikk for, seier einingsleiar i Vest politidistrikt, Morten Ørn.

Vidare viser han til at vedkomande som ringer inn seier at den sakna har adresse i Urene. Urdene er aldri nemnd.

– Vedkommande seier rett nok først at ho ringer frå Hornindal kommune, så blir Urene, ikkje Urdene, sagt ved tre høve. Vår operatør har ein klar forståing for at det er Urene dette gjeld, seier Ørn.

Urene ligg på Nordfjordeid og Urdene ligg i Hornindal.

- Men operatørane skal alltid dobbeltsjekke at dei har fått rett adresse. I dette tilfelle var ikkje den sjekken tilrekkeleg god, seier Ørn.

Han legg til at Operasjonssentralen i Vest politidistrikt behandlar fleire hundre meldingar i døgnet, som regel under stressande forhold.