Sp går i desse dagar ut med brev til kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane der dei etterspør resultata frå eventuelle innbyggjarhøyringar og folkerøystingar som er gjort i samband med kommunereformen. I henvendelsen står det at dette skal nyttast til internt arbeid.

Vi spør fylkessekretær for Sp, Per Rune Vereide, om han kan utdjupe kva dette arbeidet går ut på.

-Det er ikkje noko dramatikk i dette, seier Vereide.

- Det er kun for å ha som dokumentasjon i eige arkiv.