Oppstryn sitt lag i 6. divisjon fotball held fram med å imponere. Tysdag tok blåtrøyene sin tiande strake siger.

Oppstryn held altså fram med å sanke trepoengarar, og toppoppgjeret borte mot Haugen vart ein ny maktdemonstrasjon for spelande trenar Tarald Harstad og co.

Haugen tok leiinga allereie før minuttet var spelt, men scoringar av Tarald Harstad, Lars Midthjell Gjørven, Håvard Nygård samt eit sjølvmål sikra ein komfortabel siger til Oppstryn.

Oppstryn toppar tabellen med 30 poeng, men Eid 2 følgjer like bak med 27 poeng. Desse laga møtest til duell 18. september på Eid.