Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har tidlegare vedteke å bestille ferdigstilling av reguleringsplan for strekninga. Dette arbeidet skal forstkotterast av kommunane.

Stranda formannskap har no tilrådd at kommunen løyver 500.000 kr, som vil innebere dekking av kostnadane for reguleringsarbeid for Stranda sin del av reguleringsplanen for strekninga på fylkesvegen mellom Tomasgard i Hornindal Røyrhus bru i Sunnylven.

Ein føresetnad for vedtaket i Stranda kommune er at Hornindal overfører sitt beløp, kr 2 millionar, til prosjektet, heiter det i tilrådinga, der det også går fram at Stranda kommune no forventar fortgang i arbeidet.

Saka skal opp til endeleg behandling i Stranda kommunestyre 29. august.