Elevane som gjekk ut av 10. trinn i vår, fekk betre karakterar enn dei som gjekk ut i fjor.

Det viser resultata for grunnskulen som no er offentleggjorde, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Grunnskulepoeng er eit samla mål for elevane sine karakterar i fag ved avslutninga av 10. trinn – både standpunkt- og eksamenskarakterar. Den nasjonale analysen syner at det har vore ein jamn auke i snittet, både nasjonalt og i alle fylka.

Jentene har hatt ein meir positiv utvikling enn gutane og nasjonalt har dei no eit snitt som er 4,5 poeng høgare enn gutane. I Sogn og Fjordane er skilnaden 4,4 poeng. Jentene har 44,3 og gutane 39,9 poeng.

Elevane i Sogn og Fjordane har over tid hatt gode skuleresultat. Utviklinga syner at elevane i vårt fylke vert etterkvart meir lik elevane frå mange av dei andre fylka i landet. Det er små skilnader mellom fylka. Fem fylke, Akershus, Buskerud, Hordaland, Oslo og Sogn og Fjordane har i år resultat over landssnittet. I dei store faga norsk hovudmål og engelsk har elevane i fylket standpunktkarakterar ein tidel under landssnittet. I matematikk og norsk sidemål eit par tidel over, fortel fylkesmannen.

For meir informasjon om samla resultat for Sogn og Fjordane og resten av landet; Skoleporten.no