Bussulykka i Stryn har gitt god læring hjå operasjonssentralen i Vest politidistrikt. I ei tid med stor merksemd om standardiseringar, regelstyring og einsarta handsaming for å henta ut kostnadseffektar, går mykje betre enn før. Men der menneske samhandlar, vil feil likevel oppstå. Da er det viktig å gå gjennom kva som skjedde, finne ut av kvifor og treffe tiltak for å unngå at liknande feil oppstår på ny.

Måndag 6. august 2018 kl. 05.51 fekk politiets operasjonssentral i Vest politidistrikt ein telefon frå ein bussjåfør i Nettbuss. Det vart opptakta til læring, rutineendringar og justeringar. Eg ynskjer at befolkninga i Sogn og Fjordane skal verte trygg på at vi ikkje tek lett på denne hendinga. Difor vil eg informere om kva vi har lært og korleis vi endrar på ting.

Ny operasjonssentral starta opp 8. november 2017. Operasjonssentralen har hittil i år handsama ca. 57.200 meldingar. I gjennomsnitt blir det 250 meldingar per dag som skal vurderast, i eit hektisk arbeidsmiljø.

Operasjonssentralen er distriktets viktigaste prioriteringspunkt. Det er nasjonale føringar for korleis prioriteringane skal skje. Sentrale tema er politifaglege vurderingar som kor alvorleg hendinga er og om hendinga er akutt. I tillegg er tema som økonomi og framtidig beredskap knytt til arbeidstidsreglane faktorar vi må vurdera. Vi får likeins svært sjeldan klager på at vi ikkje kallar ut patruljer etter hendingar.

Bussulykka i Stryn vart av operasjonssentralen vurdert ut frå kriteria for ei trafikkulykke. Ved ulykker skal politiet setja i verk, leia og organisere ettersøknings- og/eller redningsaksjoner av alle slag, i samsvar med gjeldande redningsplan. I tillegg skal politiet, viss ansvarleg mynde ikkje er til stades, stå for redning av person som er, eller står i fare for å verte skadd, og i tilfelle gjera det som er mogleg for å avgrensa skade eller avverja fare, og syta for alminneleg orden og tryggleik på staden. Så langt tenesta og forholda elles gjev rom for det, kan politiet hjelpa med berging av gods.

Vi har analysert meldinga som kom inn og vi ser i etterkant at vi gav bussjåføren som ringte inn, ei for stor rolle som «ekspertvitne». Det vart difor ikkje stilt nok spørsmål for å få full oversikt over situasjonen. Situasjonsforståelsen hjå operasjonssentralen var langt i frå den som passasjerane hadde og her ligg den viktigaste årsaka til feil og manglar. Operasjonssentralen vurderte at det ikkje var trong for politiet i forhold til dei oppgåvene vi har i ulykkestilfelle. Vi vurderte difor heller ikkje behovet for etterforsking. Hadde patruljen vore kalla ut straks, ville etterforskinga gått raskare og mest sannsynlig blitt betre.

Lærdommen har ført til enda meir merksemd om meldingsmottaket og til at vi i tvilstilfella straks har senka terskelen om kva vi sender patruljane ut på i dei områda der framtidig beredskap i liten grad råkast. Er vi i tvil, sender vi ut, eller kontakter vi patruljen. Vi vil alltid sende ut patruljer ved trafikkuhell/ulykker der buss eller kjøretøy over 7,5 tonn er involvert. Vi vil varsle Havarikommisjonen for transport og konferera med desse om dei og skal rykke ut. Vi skal på strategisk nivå auke kommunikasjonen mot einingane slik at budsjetta ikkje råkast i for stor grad.

Ni månader etter at Sogn og Fjordane og Hordaland fekk ein ny, felles operasjonssentral, syner tala og erfaringane at innbyggarane i Vest politidistrikt kan kjenne seg trygge. Ved alvorlege hendingar og ved fare for liv og helse, rykkjer vi alltid ut. Då set vi oss ikkje ned å tel pengar eller arbeidstimar. Kritikk oppstår som oftast etter at tvilstilfelle er nedprioritert eller feilvurdert. Som oftast tek vi gode avgjersler. Men feil har skjedd og det vil skje igjen. Då skal vi gjere som no; evaluere, lære og forbetre.

Morten Ørn

Driftseiningsleier

Fellesoperative tenester

Vest politidistrikt

Morten Ørn, einingsleiar i Vest politidistrikt. Foto: politiet