– I saker som dette har Fylkesmannen ein avgrensa prøvingsrett. Vi kan berre prøve om innhaldet i vedtaket er lovleg, om vedtaket er gjort av rett organ, og om vedtaket er blitt til på lovleg måte, seier sakshandsamar hos Fylkesmannen, seniorrådgjevar Turid Måseide.

I denne saka har Fylkesmannen kome til at vedtak ikkje er gjort av rett organ og har heller ikkje blitt til på rett måte. Fylkesmannen har difor oppheva vedtaka som ugyldige.

– Fylkesmannen har med dette ikkje teke stilling til innhaldet i vedtaket, om det var rett å tildele prikkar eller kor mange prikkar. Det er opp til kommunen å ta saka opp att og gjere nytt vedtak om dette, seier Måseide.

– Utgangspunktet er at kommunen ved brot som nemnt i alkoholforskrifta § 10–3 skal tildele eit bestemt tal prikkar. Sidan tildeling av prikkar etter reglane i alkohollova skjer ved enkeltvedtak, må kommunen følgje dei saksbehandlingsreglane i forvaltningslova som gjeld ved enkeltvedtak. Særleg viktig er kravet om at saka må vere godt nok opplyst før vedtak.

Måseide seier brot på saksbehandlingsreglane i forvaltningslova kan gjere eit vedtak ugyldig, og at mangelfull opplysing av saka er ein vanleg opphevingsgrunn.

– Det er kommunestyret som har vedtaksmynde i slike saker, med mindre dei har delegert dette til andre. Dersom vedtaket er gjort av eit organ som ikkje har slikt mynde, vil vedtaket som regel bli ugyldig.