Mathias Melheim frå Olden gjekk heilt til topps på dagens kulestøytkonkurranse under jr. NM på Bislett.

Mathias var i føringa frå første støyt. I siste omgang klinte han til med eit lengste-støyt på 15,40 meter, og vann med det NM gull i klasse U20 menn. Han hadde dei fire lengste støyta i konkurransen, og støyta 37 centimeter lenger enn nestemann på resultatlista.

Støytet til Melheim hadde også haldt til andreplass i klasse U23 menn.

Du kan lese meir om jr. NM i papiravisa.