Mathias Melheim frå Olden gjekk til topps i kulekonkurransen i junior-NM i helga. Ein av Mathias Melheim sine trenarar, Hans Petter Galtung, legg stor vekt på konkurransemannen Mathias etter gullet.

– Dette er det tredje gullet Mathias tek i UM og NM, og det viser seg at han er ein veldig god konkurransemann, seier Galtung.

– Dei siste åra har vi hatt gode prestasjonar i friidrett i Olden, og Mathias er den som går føre. Han var den første som tok gull i UM og no er han den første med gull i junior-NM i friidrett frå klubben, held han fram.

Han poengterer også at det er viktig for ein klubb som Olden IL å ha nokon som kan gå føre og vise at det faktisk er mogleg å kome i norgestoppen sjølv om ein kjem frå ein så liten stad. Han har også lovord å kome med til Jørund Årdal.

– Årdal har vore enormt flink til å følgje opp teknikken til utøvarane våre, sjølv om dei står i Olden IL og han kjem frå Gloppen. Han har vore heilt fantastisk, seier Galtung.

– Dette var svært godt gjort av Mathias. Med lengste kast i siste omgang viser han kva for ein konkurransemann han er. Han slår til når det gjeld.