Det spesielle med den norske plommesesongen er nettopp at den kjem fort og at det bognar. Mange greier difor ikkje å bruke opp plommene. Haldbarheita på plommer avhengjer av kvar frukta er i modningsprosessen, men ei moden plomme har veldig kort haldbarheit – kanskje berre eit par dagar i kjøleskåpet. Er plomma mindre moden er haldbarheita lengre.

– Allereie no er det mykje plommer, og i veke 34 ventar vi leveransetopp av norske plommer til butikk, fortel Gerd Byermoen i Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Kaldvêret dryger sesongen lokalt

Lokalt har oppfatninga endra seg litt når det gjeld den forventa plomme-toppen.

- Vi frykta for eit par veker sidan at det skulle bli veldig hektisk med plomer denne veka, men på grunn av kaldare vêr så dryger sesongen litt lenger, seier Henriette Hatling, dagleg leiar ved Fruktlageret i Innvik. Totalt trur ho plomehausten blir som forventa, men at den fordeler seg over nokre veker ekstra.

– Vi vil nok passere 200 tonn totalt her ved fruktlageret, seier ho.

Plomer som julegåve

Det finst elles mange måtar å ta vare på plommer, og mykje godt kan lagast å leggjast på glas til seinare bruk. Det kan til dømes bli nydelege julegåver, eller herlege fristelsar å hente fram utover vinteren, melder Opplysningskontoret for frukt og grønt.