Éin person involvert i ulukka

  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Det er éin bil med ein person som har køyrt av vegen like ved Holmevik camping. Dette melder AMK.

- Ambulansehelikopter har nyleg ankome ulukkesstaden, i tillegg er politi, brann, lege og ambulansebil på plass og det pågår redningsarbeid, fortel vår reporter på staden, Bengt Flaten.

- Bilen har kome aust frå og køyrt av vegen, treft ein bergnabb og gått rundt og ligg i grøfta med fronten i motsett køyreretning. Den har store materielle skadar, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl.

Vegvesenet si ulukkesgruppe er også venta å kome på plass innan kort tid.

Bilar blir no dirigert forbi ulukkesstaden i det eine køyrefeltet.