Klassen for merrar 4–5 år med eller utan føl, blir den største med seks dyr. I tillegg kjem fire treårsmerrar, ei merr i klasse 5, ein fjordingvallak, ein døl og to shetlandsponniar.

Alma som var beste fjording under sjået for to år sidan, er tilbake og jaktar den kvite førstepremiesløyfa. Ho fekk uvanleg høg poengsum, og dommarane meinte det var verdas beste treårsmerr den gongen.

Utstillinga startar med gjennomgang av bruksprøver og køyreprøvene før dei går over til klassevis dømming. Åtte skal også gjennom rideprøve før styraren for sjået, Karin Indrebø, kan lese opp det endelege resultatet, og dele ut sløyfer.

Årsaka til heller tynn deltaking kan vere at til neste år blir det jubileumsutstilling for Nordfjord Hestealslag som fyller 100 år. Nokon vel å vente til då. Då blir det også landsutstilling for unghest.

Alle ungdyra som vert stilte i kvalitet på vårutstillingane kring i landet, blir inviterte til finale i Stryn.