Då 16 år gamle Ståle Meland skulle flytte frå Stryn til Bergen i 1964, fekk han eit Fjordingen-abonnement i gåve frå mor si.

– Slik at du ikkje skal gløyme oss her i Stryn, sa ho, og abonnementet har eg hatt sidan. Som ein reisande fant gjennom livet har eg alltid fått følge med på det som skjer i Stryn, fortel 70-åringen, som i dag er fast busett i Hokksund.

Meland, som var ein ivrig fotballspelar, har budd både i Bergen, Sogndal, Volda, Sykkylven, Førde, Høylandet, Lillehammer, Kongsberg og Drammen, men legg ikkje skjul på at han stadig såg med lengsel heim mot Stryn.

– Uhyre viktig med Stryn vgs

Det skulle bli det herrens år 2008 før han kom «heim» og tok til som rektor ved Stryn vgs.

– Ein vidaregåande skule i Stryn er uhyre viktig for at ungdom skal bli verande ei stund til før dei eventuelt flyttar ut. Som rektor var eg veldig oppteken av å styrke yrkeslinjene, for det er yrkeselevane som gjerne blir verande igjen, seier Meland. Han var rektor fram til han pensjonerte seg ved utgangen av 2011.

Nypensjonert flytta firebarnsfaren til Drammen saman med familien. Når han er på besøk i Stryn sit han ofte på Isehaug Kafeteria på den såkalla «ni-timen», eller så sit han i veslestova i barndomsheimen i Vikalida med god oversikt over trafikken inn og ut av Stryn sentrum.

Skryt av heimbygda – Stryn er ein av dei beste hyttekommunane i landet, og utbyggjarar som Otto Vik skal ha mykje honnør, meiner Meland. Foto: Roger Oldeide

– Her ser eg både aust-vest- og nord-sør forbindinga. Stryn er eit kommunikasjonsknutepunkt og det må vi halde fram med, påpeikar Meland, som no er inne på eit tema som engasjarar 70-åringen.

Kampen om E39

– Eg har følgt kampen om E39 frå dag ein. Signala på ny tunnel og sikker rv15 austover er fantastisk, men det som bekymrar meg er bruløysinga over Nordfjord. Vi ikkje kan ha to bruer i Nordfjord, og det burde vere openbart at ei «Nordfjordbru» går mellom Svarstad og Frøholm og ikkje frå Lote til Anda, seier Meland.

Han dreg ein parallell til det som skulle bli kraftutbygging i Breheimen Vest på 1970-talet.

– Det var bestemt, og her sat folk nøgde i ro og venta på at spada skulle i jorda medan fylkespolitikarane, som alle var frå Sogn, jobba og jobba i departementet for ei anna løysing. Plutseleg vart det bestemt at Breelven Vest skulle fredast og kraftutbygginga skulle skje i Luster i Sogn. Eg er stygt redd for at det same kan skje med brua mellom Svarstad og Frøholm, seier Meland.

Han fryktar Eid-ordførar Alfred Bjørlo sin iver etter «Nordfjordbrua» mellom Lote og Anda.

– Han er ein dyktig politikar som har vore statssekretær og kjenner systemet godt. Akkurat her er det viktig at Stryn ikkje sovnar i sokkane. Om ikkje politikarane held trykk på denne saka er eg stygt redd for at brua plutseleg kan bli flytta, seier Meland.

– Berre ein sjanse til eit godt førsteinntrykk

Han er uroa over Eid også når det gjeld cruisetrafikk som han fryktar vil ende i favør Eid.

– Kranglinga i Olden må ta slutt, og Nordfjord Havn må byggast ut. Turismen er uhyre viktig og den må vi ta vare på. Eg er veldig samd med Lindvik i VisitNordfjord når ho seier at næringa må ligge i forkant av turismen.

Ein får berre ein sjanse til å gjere eit godt førsteinntrykk på turistane. Søppel- og toalettordningar er ein del av dette, poengterer Meland, som har mykje meir på hjartet;

– Stryneelva. Ein må i langt større grad ta i bruk området kring Stryneelva. Den må utnyttast med turstiar og som rekreasjonsområde, seier han.