Namn: Einar Aaland

Alder: 44

Jobb: Teknologidirektør, StalkIT AS

Kjem frå: Stryn

Bur no: Botngård i Bjugn

Kva opptek Einar Aaland for tida?

Det går mykje i kommunesamanslåing mellom Bjugn og Ørland, der eg sit i Fellesnemnda og Arbeidsutvalet. Samanslåinga er eit tvangsvedtak, så det har ført til krevjande prosessar. På jobben arbeider vi med lansering av ny teknologi som er veldig spennande.

Kvifor flytta du frå Stryn?

Eg flytta grunna utdanning, deretter blei det jobb og oppstart av eiga bedrift. Så møtte eg min betre halvdel, som etter kvart lokka meg til Bjugn.

Kva skal til for at du flyttar heim?

Ein jobb som eg trivst i, og at eg klarar å overtale familien til å bli med.

Les du Fjordingen?

Ja, eg har vore fast abonnent sidan eg flytta på studiar.

Er det noko Fjordingen gjerne kan skrive meir om?

Eg synest Fjordingen er flink til å få fram varierte nyheiter frå Stryn og Hornindal. Eg får eit godt bilde av politikk, idrett, kultur, næringsliv, nyheiter og samfunn.

Kva ville du gjort om du var ordførar i Stryn for ein dag?

Slik eg ser det blir Stryn styrt godt med ein god ordførar. Stryn er blitt eit symbol på kvalitet, og ei stor merkevare. Men om eg skulle lånt ordførarklubba ville eg sett i gang eit arbeid for å kartlegge og finne tiltak for svakare stilte i kommunen. Utvide omfanget av «Alje ska me».

Har du eit godt ferietips?

Eg må anbefale Kroatia og Montenegro, eit gjestfritt folkeslag og fantastisk vakker natur.

Kva ville du vist fram i Nordfjord til gode vener?

Eg planlegg ein skikkeleg tur til Stryn. Det er mykje å oppleve, så det er vanskeleg å avgrense. Men eg skal legge opp til ei overnatting på Initunsstølen på Hopland og ta ei overnatting der, det er så koseleg. Så må vi inn i Lodalen med kajakk og lavvo, tett på vakker og rå natur. Hoven og alt som er skapt der må prøvast. Så må vi på fottur i fjellet, til dømes Skåla eller Kattanakkjen. Segestad om det blir tid, eller tur over Flofjellet.

Kva et du helst til frukost?

Eg er eigentleg ikkje ein frukostperson, men kaffi er veldig viktig.

Trenar du, i tilfelle kva?

Eg er mest trenar for andre. Det går mykje i handball, så då blir det mykje tid i idrettshallar på det. For lite trening på meg sjølv eigentleg.

Kva ser du helst på TV?

Eg synest dokumentarprogram er bra, anten det er om teknologi og konstruksjon på Discovery, eller samfunn og natur på til dømes NRK eller BBC. Og så er det viktig å følgje med på nyheiter og politikk.

Kva er ditt forhold til sosiale media (Facebook, Instagram, Snapchat m.m.)?

Må innrømme at det går litt tid på Facebook. Men også på LinkedIn. Snapchat og Instagram har eg ikkje ofra for mykje tid på. Døgnet har berre 24 timar.

Korleis ser ei perfekt helg ut for deg?

Frisk luft, vindstille, sol frå klar himmel, haustfargar, sette opp lavvo på ein vakker plass i nærleiken av eit vatn, ordne eit solid bål, koke kaffi, ordne mat på stormkjøkkenet, helst nyfiska ørret, fortelje gode historier rundt bålet og varme seg etter mørkets frembrudd. Då må ein også smake på siste brygg og grille spekemat på open flamme.

Kven får di helsing gjennom lokalavisa?

Det er mange som fortener ei helsing, men eg har lyst å helse til den generelle stryningen. Alle som har bidrege til å gjere Stryn til den fantastiske plassen det er. Og så vil eg helse til far min som er sjuk, han har verkeleg bidrege til at Stryn har blitt så bra.