Foreininga for Grobygget mottok i 2016 150.000 kroner til reparasjon av taket. Året etter fekk dei overført tilskotet til 2018. Men i brev frå Riksantikvaren, datert 20. august, kjem det fram at dei har observert at det enno ikkje har vore aktivitet på taket, og at det ikkje er høve til å overføre midlane enno ein gong. Dei ber om tilbakemelding dersom ein ikkje kjem i gang med arbeidet i 2018, sidan tilskotet då vil bli omdisponerert.

– Vi har kommunisert med dei, og dette er ein av tinga vi skal klare i år, forsikrar Bjørn Lødemel, leiar for Foreininga Grobygget.

Restfinansiering

Han fortel at mykje av årsaka til at taktekkinga har drege ut i tid er manglande restfinansiering, men at denne no ser ut til å kome på plass.

– Vi har søkt om 200.000 kroner frå kommunen, dei får vi så fort avtalen om Grobygget er underskriven. Den skal godkjennast i kommunestyret i starten av september, seier Lødemel.

– Du er trygg på at de får desse pengane?

– Kommunen har vore veldig positive. Dette er også innanfor det vedtaket kommunestyret gjorde i juni og det som har vore signalisert tidlegare. Eg håpar og trur at det går i boks.

Kostnaden er budsjettert til knapt 400.000 kroner, og for det skal ein reparere vasskadar og legge fiberduk på taket.

– No er første prioritet å finne nokon som kan gjere jobben, seier han.

– De vart ikkje stressa av brevet frå Riksantikvaren?

– Ikkje anna enn at vi skjønar at dette er noko vi er nøydde å få til, seier Lødemel.