Stryn er ute etter å revansjere 1–4 tapet 16. mai når Eid kjem på besøk laurdag. Trenar Geir Inge Rake har ein fulltalig tropp å velje frå.

– Per i dag er alle spelarane tilgjengelege, seier Rake.

Det betyr at Justinas Busmic og Tanel Melts, som ikkje har vore med dei to siste kampane, er speleklare til lokaloppgjeret.

Ekstra motivasjon

– Eid til helga vil motivere oss litt ekstra. Dette er ein kamp ingen vil tape, seier Rake, som har følgjande beskjed til strynepublikumet:

– Eg håpar at det kjem mykje publikum på stadion, så skal vi gjere vårt beste til at det blir ein underhaldande kamp.

Det kan fort bli eit tett oppgjer mellom tabellnaboane, som begge har dokumentert god form siste tida. Eid har vunne sine tre siste kampar, og førre helg vart Tornado Måløy sendt heim med 1–10 i bagasjen. Stryn på si side står med fire strake sigrar etter ferien, sist vart Vik sett på plass med 3–0. Eid står med 31 poeng, Stryn med 30 før laurdagens kamp.