Olden-guten satte personleg rekord med over ein meter, og han var nesten 13 meter framfor nummer to på resultatlistene under meisterskapen si første øving.

– Veldig bra, konstaterte kjempetalentet etter 62,96. Eit resultat han var godt nøgd med.

Anders Vik frå AKS i Knarvik blei nummer to med 50,83. Han var og nummer to på statistikken med over 54 meter. Så Steffen viste at han er i godt slag, og at han beherska forholda.

Steffen er og favoritt i kule, og han er og med på spyd og slegge. På statistikken topper han sine to prioriterte øvinger, medan han ikke er like sterk i dei to andre.

Storebror Mathias Melheim tok bronse i slegge i klasse 18/19 år.

Slegge: Mathias Melheim tok bronse i slegge på UM sin første dag. Foto: Dag Eliassen (arkivfoto

Ikkje til finale

Hadde Malin Riise Gran (16) løpt like fort på 100 meter som ho gjorde på junior NM forrige helg då ho sprang på 12,94 i litt for sterk medvind ville ho vore heilt på grensa til å komme til finalen. Jenta frå Stryn gjekk ikkje viare då ho gjorde 13,37 i – Veldig skuffande, oppsummerte ho-

Malin fekk ein god start, men det slokna utover.

-

Ikkje nøgd: Malin Riise Gran var ikkje nøgd med sin 100 meter på UM. Foto: Rune Helle

Dette var ikkje min dag. Eg kom bra ut, men mista heilt takt og tone inn mot mål, beklaga ho.