Det såg ut til å gå mot 0-0 og uavgjort i eit heller tamt lokalderby, men Stryn trekte det lengste strået mot Eid på Stryn stadion laurdag. Marius Rauset vart den store helten då han sikkert sette eit straffespark i mål kvarteret før slutt.

Vegard Vatn Øvreberg vart holdt rundt halsen inne i feltet, og etter å ha konferert med assistentdommaren peika dommaren på 11-metersmerket.

- Klart straffespark, og ein deilig seier, seier Vegard Vatn Øvreberg etter kampen. Han ser fram mot ein spennande haust, der han håpar Stryn kan ta att Fjøra som ligg på tabelltopp.

Både heimelaget og Eid hadde sine sjansar, men fleire mål vart det ikkje. Dermed gjekk Stryn forbi dagens motstandar på tabellen.

Håvard Hetle hadde ein solid kamp i Stryn sitt mål, og sisteskansen vart også kåra til heimelaget sin beste spelar.

Meir om "kampen om Nordfjord" i papiravisa.