Stryn berga plassen i 2. divisjon førre sesong med eit nødskrik då Bergen Vest trekte sitt lag med to kampar att av sesongen. No er det Stryn som har teke den tunge avgjerda om å gjere det same som bergensarane, å trekke laget frå serien.

Uoversiktleg spelarsituasjon

– Kva er bakgrunnen for at de trekkjer laget berre 14 dagar før seriestart?

– Vi har berre fire spelarar i treningsgruppa busett i Stryn, pluss ein som er under 16 år. Resten bur andre plassar i landet grunna studiar, seier dagleg leiar i handballgruppa, Eli Kroken. I løpet av sommaren har nokre av spelarane også erklært seg indisponible grunna skadar og jobbsituasjon.

Utgangspunktet var at ti spelarar skulle trene i Stryn denne sesongen. Klubben inngjekk også klubbsamarbeid med Eid og bergensklubben BI, men det har synt seg vanskeleg å få nok interesserte spelarar derifrå til å spele for Stryn.

– Spelarane på laget har ikkje vore involvert i prosessen om å trekke laget før etter at styret bestemte seg for det. Men i ettertid ser klubben at dei burde vore med, seier Kroken.

Kroken har saman med styret hatt hektisk møteverksemd siste veka i håp om å finne ei løysing slik at klubben kunne stille lag i 2. divisjon. Det var trenar Oli Sveinsson som først fekk beskjed om at laget ville bli trekt.

– Alle spelarane har fått skriftleg melding om avgjerda sidan det har vore vanskeleg å samle alle. Vi har prøvd å gjere det så ryddig som muleg, men før spelarane fekk beskjed låg det allereie på sosiale media, seier Rita Stølen Veamyhr som sit i styret.

Signerte ny kontrakt

– Trenar Oli Sveinsson signerte ny kontrakt så seint som i slutten av juni. Var klubben på det tidspunktet inne på tanken om å trekke laget?

– Vi var ikkje inne på den tanken då. Optimismen rådde framleis, seier Kroken.

Dei kroatiske spelarane Lovro Kresic og Stjepan Knesic har kontraktar som går ut etter komande sesong.

– Har klubben økonomiske forpliktingar ovanfor Sveinsson og desse spelarane?

– Økonomiske forpliktingar har vi. Her blir det jobba med å få til ei ordning med Sveinsson. Kva som skjer med Kresic og Knesic får vi sjå, seier Kroken.

– Burde kanskje trekt laget i fjor

Stjepan Knesic vart henta frå Tynset midt i førre sesong. Kor mykje pengar klubben brukte for å få han til Stryn vil ikkje Kroken ut med.

– Knesic vart henta inn for å berge fjorårssesongen. Men kanskje burde vi trekt laget allereie i fjor, seier Rita Stølen Veamyhr.

– Vi ser at det ikkje er økonomisk forsvarleg å drive med så få som tre-fire spelarar i Stryn og resten buande andre plassar. Vi hadde aldri signert ny kontrakt med Sveinsson om vi visste at spelarsituasjonen vart slik den er no, seier Arthur Almenning i styret.

Ingen rekruttering

– Har klubben hatt nokon god og langsiktig plan for herrelaget? Blant anna vart ny trenar og utanlandske spelarar henta i fjor og forfjor?

– Om planen har vore god eller ikkje god er det nok mange meiningar om, seier Kroken.

Klubben har heller ingen rekruttering å støtte seg på. Dei eldste spelarane på aldersbestemt nivå er fødde i 2005, og det vil såleis ta fleire år før desse kan vere aktuelle for seniorhandball.

I staden for å bruke mykje pengar på eit 2. divisjonslag vil klubben framover satse på aldersbestemte klassar.

– Fokuset er å gjere handball attraktivt igjen, særleg blant gutar, seier Arthur Almenning.

– Avtalen gjeld framleis

Handballtrenar Oli Sveinsson vil ikkje kommentere saka om at klubben har bestemt seg for å trekke herrelaget frå 2. divisjon for mykje no.

– Men det eg kan seie er at avtalen min med Stryn handball gjeld framleis. Om klubben vel å seie den opp med påfølgjande kostnadar og tapt trenarressurs står att å sjå. Nokon må ta ansvaret for dette rotet, seier Sveinsson.

Oli Sveinsson signerte ny kontrakt så seint som 26. juni. Foto: Thomas Thaule