– Leilegheiter i sentrum er inn i tida, seier Vidar Flo i Flo Holding AS, som har brukt 35 millionar kroner på bygget som ligg sentralt i Stryn sentrum.

– Vi selde fem leilegheiter ganske fort, og dei resterande har fått nye eigarar etter kvart. No er det berre ei leilegheit på 82 kvadratmeter som er ledig, anten for utleige eller sal, fortel Flo.

Litt forsinka

Sjølv om prosjektet har vore noko forsinka seier Vidar Flo at arbeidet har gått fint, og at tilbakemeldingane frå dei som har flytta inn har vore gode.

Storleiken på leilegheitene varierer frå dei minste på 60 kvadratmeter og opp til dei største på 150 kvadratmeter.

– Her er også garasjeplass, bodplass og enkel tilkomst med heis, fortel Flo, som rosar samarbeidet med dei næraste naboane i byggeperioden.

Flo har så langt som muleg nytta seg av lokale verksemder i byggeprosessen.

– Det er greitt det, for om det er noko så er det berre å ringe, og så kjem dei med ein gong, seier Flo.

Næringsareal på gateplan

– Kva med næringsarealet på gateplan?

– Næringslokala er på til saman 550 kvadratmeter, og nokre interessentar har det vore.

I løpet av hausten vil det bli avklara om det blir etablert butikklokale eller kontorlokale, eller noko anna, der. Å dele opp næringslokalet kan også vere aktuelt, seier Flo.

Petterneset

Frå leilegheitene på nedsida er det utsyn over Strynebygda og Stryneelva. Vidar Flo håpar på oppgradering på Petterneset, og at kommunen fullfører reguleringsplanen der.

– Då blir det eit endå finare område, noko som kjem alle i Stryn til gode, meiner Flo.

2.700 kvadratmeter

Totalt er Flogården på 2.700 kvadratmeter fordelt på fire etasjar, inkludert parkerings-garasje.

Leilegheitene på nedsida har utsyn over Stryneelva og oppover bygda. Foto: Thomas Thaule
Tonningsgata i Stryn går rett forbi den nye Flogården. Foto: Thomas Thaule