Fylkesmannen i Sogn og Fjordane inviterer mellom anna Hornindal til beredskapsøving 20. september, der scenariet vil vere atomrelatert.

Det er ikkje gjort kjent detaljar for øvinga, men den vil ta utgangspunkt i kommunehuset. I tillegg til Fylkesmannen vil fleire aktørar bli invitert med som medarrangør.

Frå kommunen blir representantar frå brannvesenet og kommunehelsetensta oppmoda om å delta, sidan Nødnett vil nyttast i deler av komunikasjonen. Også kommunelegen er ønska som deltakar.