Tysdag for ei veke sidan braut Loen Skylift den «magiske» grensa på 100.000 besøkande så langt i år.

– Det var i 12-tida tysdag at vi passerte dette talet. Vi er aud-mjuke og glade for at vi allereie har nådd 100.000, og går no inn i ein flott vandresesong og deretter vintersesong. Så kor mange gjester vi kjem til å sende til fjells må vi nesten berre vente og sjå, seier marknadssjef Ann-Helen Blakset.

Motiverande

–Det er veldig kjekt og motiverande for oss som jobbar med dette, seier ho vidare. At det har vore «tidenes sommar» vêrmessig har heller ikkje lagt nokon dempar på besøkstala. I tillegg er tilbodet blitt godt motteke i cruisebransjen.

– I cruisebransjen tek det tid å innarbeide nye produkt, men skyliften er blitt teken inn veldig raskt. Vi veit at produktet er godt teke imot, seier Blakset, som har fått meldingar om at reiselivsbedriftene merkar stor effekt av prosjektet.

Ho fortel at det er mykje som skjer på Hoven i desse dagar som publikum vil kunne nyte godt av framover.

Sti, zipliner og ekstrem Ferrata

– Ja, det er mykje som skjer der oppe no. Mellom anna blir det jobba med utbetring av stien mot Staurinibba for å hindre erosjon og slitasje på terrenget, fortel marknadssjefen.

To nye zipliner over Gjølmunna er også sett opp. Kor tid dei kan takast i bruk er framleis ikkje avklara. Det er Loen Active som har sett opp ziplinene i samarbeid med det austerrikske firmaet HZI.

Samtidig blir Via Ferrata-anlegget vidareutvikla. Ruta «Tors Hammer» på ovansida av Gjølmunna er allereie opna, og ifølgje Blakset er den godt motteken. Den nye, ekstreme F-ruta, som truleg er den tøffaste i Norge, er enno ikkje heilt klar. Planen er at ruta skal kunne takast i bruk før sesongslutt.

– HZI kvalitetssikrar i desse dagar den nye ferrataen, og guidar frå Loen Active gjer seg kjende med ruta, opplyser Blakset.

– Av gjester som besøker Loen Skylift er det nordmenn og nasjonar som Tyskland, Spania og Nederland som dominerer. Også lokalbefolkninga er flinke til å bruke tilboda våre, seier Blakset.

Nede ved fjordbygget er det no laga til med bord og stolar der ein kan ta seg ein kopp kaffi. Vidare er det kjøpt inn fleire kjelkar til vinteren. Dei har også tru på at toppturentusiastane vil bruke Skyliften flittig.

Ann-Helen Blakset ved eitt av stiprosjekta på Hoven. Denne stien mot dei nye ziplinene aust for Hoven er det sherpaer som har bygd. Foto: Thomas Thaule
Stinettet på Hoven blir stadig vidareutvikla. Helikopter blir nytta for å frakte nødvendig utstyr. Foto: Loen Skylift
Per Helge Bø er ny driftsleiar i Loen Active. Foto: Thomas Thaule
Marknadssjef Ann-Helen Blakset har god utsikt både utover fjorden og opp mot Hoven frå vestsida av fjordbygget. Foto: Thomas Thaule