I eit brev til Stryn kommune etterlyser Innvik Bygdeutvikling tilbakemelding frå ordførar eller administrasjon på utviklingslaget sitt tilbod om å sjølve bygge barnehage i Innvik som kommunen skal ta over. Bakgrunnen skal vere frykt for at ny barnehage skal gå ut av budsjettet.

Leiar av Innvik Bygdeutvikling, Harald Røyrvik, la fram tilbodet for Stryn formannskap i april i år.

– Vi har gitt tilbod om å finansiere kommunal utbygging eitt år tidlegare og syte for ressursar til prosjektering og planlegging, samt å klargjere tomta for bygging av ny barnehage, seier Røyrvik.

Han viser til eit bygdemøte 17. august der 67 frammøtte vil ha svar frå kommunen på bygda sitt tilbod.

– Dette er ein budsjettsak og er ein naturleg del av eit pågåande omstillingsprosjekt. Saka er enno ikkje avklart, seier ordførar Sven Flo til Fjordingen.