Nesten ein halv million sider:

Stryn størst i fylket på Sommarles

Årets Sommarles slo alle rekordar. Borna i Stryn har til saman lese nesten ein halv million sider!

Stor spenning: Trekking av premiar til dei mange deltakarane i Sommarles på Stryn bibliotek laurdag. Det har vore delt ut rundt 400 premiar undervegs, på festen vart det også trekt ut bøker, kinobillettar og eit nettbrett blant alle dei frammøtte deltakarane.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Heile 398 born har delteke i Sommarles i år. Dette er 59,1 prosent av elevgrunnlaget i kommunen, og gjer Stryn til den kommunen i fylket som har hatt flest deltakarar. Nest flest hadde Førde med 337, så Sommarles-festdeltakarane i Stryn hadde all grunn til å klappe entusiastisk for seg sjølve laurdag.