Vil ha fastlege ved omsorgssenteret

Rune Egil Myklebust (Sp) vil ha utrekning av gevinsten av å ha ein fast lege knytt til omsorgssenteret i Stryn.

Rune Egil Myklebust (Sp)  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Myklebust meinte at det heildøgnsbemanna omsorgssenteret i Stryn ville vere tent med ein fast lege tilknytt senteret ettersom dette er ein sjukeheim med stadige behov for legebesøk.

– Eg har inntrykk av at tilsette ved omsorgssenteret ynskjer dette og eg er sikker på at i eit samfunnsøkonomisk perspektiv så er dette heilt korrekt, sa Myklebust.

Utan å love noko vil kommunalsjefen ville sjekke ut behov og kostnadar for ei fast legeordning knytt til senteret.