Ja til garasjebygg i Briksdalen

  Foto: Ingrid Kvåle Faleide

Nyhende

Oldedalen Skysslag får dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for oppføring av eit garasjebygg på 241 kvadratmeter.

Bygget skal ligge om lag 60 meter nordaust for eksisterande forretnings-/butikkbygg i Briksdalen. I tillegg til å vere parkeringsareal for motordrivne køyretøy skal bygget innreiast med toalett, tørkerom og rom for vedlikehald av køyretøy.

Sektorutvalet for tekniske saker i Stryn var samrøystes i vedtaket i sitt siste møte. Frode Briksdal gjekk frå som inhabil.