Omsorgsbustader sett på vent

Aktuelt likevel? Utbygging av omsorgsbustader ved omsorgssenteret kan igjenbli aktuelt visst NVE får fortgang i flaumførebyggjande tiltak langs Vikaelva.  

Nyhende

Nye signal frå NVE om flaumførebyggjande tiltak for Vikaelva i Hornindal gjer at kommunen set bygging av omsorgsbustader på vent.

– Vi har ikkje fått noko handfast enno, men NVE har gitt signal om at dei vil gjere ei vurdering. Om det betyr å prioritere tiltaket opp på lista må vi prøve å finne ut før budsjetthandsaminga. Visst dei vil setje i gang ligg det også ein føresetnad om at vi kjem med vår del økonomisk, seier rådmann Ann Kristin Langeland.