Opnar for ny aktivitet på Tystigen:

– Her blir det catski

– Vi er spente på korleis dette vil gå, seier Idar Aaboen ved sommarskisenteret. Onsdag var det synfaring av området.

synfaring i høgda Idar Aaboen ved Stryn Sommerski hadde synfaring av Tystigen saman med kommunalsjef Geirmund Dvergsdal, arealplanleggar for Oppstryn, Lisbeth Helset, nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen, Maria C. Knagenhjelm og miljøvernleiar i Stryn kommune, Odd Rønningen. Fjelltoppen "Nuken" i bakgrunnen er ein av destinasjonane.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Aaboen viste fram det aktuelle området ved Tystigbreen på mellom 1800 og 1900 høgdemeter med fjelltoppane Kvitlenova, "Bikinitoppen" og Nuken som alle er destinasjonar for catski. Tilbodet tek til sommaren 2019.