– Vil vere eit nærast luktfritt anlegg

Onsdag besøkte Antec Biogas Utviklingsutvalet i Hornindal og orienterte om planane for biogassanlegg på Raudemel.

Antec biogas: Dagleg leiar Egil Andersen orienterte om korleis eit biogassanlegg fungerer i praksis. Går alt etter planen vil det stå ferdig eit anlegg på Raudemel neste haust. Onsdag vart det også arrangert møte om planane for innbyggjarar og andre interesserte. Mellom 30 og 40 møtte.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Det er sambuarparet Ronny Haugen og Kristina Sandbakk Lunde som har planar om eit biogassanlegg til kring 30 millionar på industriområdet Raudemel. Håpet er å vere i produksjon neste haust.

Antec Biogas vart etablert i 2014 og har allereie bygd tre anlegg i Norge. Dagleg leiar, Egil Andersen, synte korleis eit anlegg på Raudemel kan sjå ut og korleis det heile vil føregå reint praktisk og teknisk. Biogass oppstår ved anaerob utrotning av organiske materiale. Ved det planlagde anlegget er det storfegjødsel og slakteafall som er tenkt nytta som råstoff for gassproduksjonen. Luktproblematikk og risiko knytt til gasshandtering bør ikkje uroe folk, meinte Andersen.