Kom deg ut-dag ved Svingesetvatnet

Søndag 9. september blir det ein aktiv Kom deg ut-dag ved Svingesetvatnet ved Ullsheim i Markane.

Svingesetvatnet: Komande søndag blir det natursti, kanopadling, fisking og orientering for store og små på Kom deg ut- dag i regi Barnas Turlag.   Foto: Barnas Turlag/ INT

Nyhende

– Her treffast vi til leik og moro, og ein kan teste aktivitetar som natursti, kanopadling og fisking. I år har vi vore så heldige å få Markane IL til å lage orienteringsløype til oss og, fortel Ingrid Henjum i ei pressemelding frå Barnas Turlag.

Kom deg ut – dagen er Norge sin nasjonale turdag, ein dag for alle uansett erfaring. Målet med Kom deg ut – dagen er å gje flest mogeleg ein smakebit på, og kunnskap om kva ein kan oppnå i naturen. Arrangørane håper at Kom deg ut – dagen kan vere startskotet for ein aktiv haustsesong med turar og aktivitetar utandørs. Og har ein lyst å treffe nye turvener, er dette rett dag å bli med på. Her vert det ein fin miks av små og store.

Kom deg ut-dagen er ein måte å få den oppveksande generasjon til å bli glade i naturen på. I år er det 12 år sidan Kom deg ut-dagen blei arrangert for første gong, og sidan då har fleire hundre tusen born og familiar blitt inspirert til å nyte og lære meir om natur og friluftsliv, fortel Henjum. Barnas Turlag i Indre Nordfjord Turlag ønskjer både store og små velkomne til ein kjekk dag saman ute i naturen.