Stryn si dagsturhytte snart på plass

Alle dagsturhyttene i Sogn og Fjordane vert like, og bygde som ein trekant.  Foto: Rojo Arkitekter

Nyhende

No er dagsturhytta snart på plass på Kloppemyra ovanfor Vik i Stryn, skriv Stryn kommune på si nettside.

Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar og er på om lag 15 kvadratmeter. Hytta kjem til Stryn no til helga og blir oppmontert tidleg i oktober. Hytta som er valt ut, har form som ein trekant. Bygget er særprega og har utandørs sittetrapper og sittebenkar. Store vindauge og mykje lys skal skape god romkjensle og gi dei besøkande god kontakt med naturen. Ved inngangen er det overbygd plass til å henge av seg ytterklede og setje frå seg sko. Dagsturhytta er ein plass for å ete matpakken sin, kvile seg og bla i bøker. Stryn kommune har i tillegg bestemt seg for å byggje utedo i tilknyting til hytta, opplyser kommunen.