Dagens leiarartikkel:

Sjå og lær av Sogn og Fjordane

Dagsturhyttene hadde aldri blitt til utan fylkeskommunen som pådrivar og tilrette-leggjar

Nyhende

Sogn og Fjordane har klart noko heilt unikt som ingen andre fylke kan vise til. Samtlege 26 kommunar er i ferd med å få etablert såkalla dagsturhytter. Eit lågterskeltilbod beståande av ei 15 kvadratmeter stor hytte ein eller annan stad ute i terrenget, og der hytta er til fri bruk for alle. Alle kommunar byggjer like hytter, og arkitekturen gjer at hyttene har store areal både inne og ute, slik at fleire familiar kan vere der samtidig, utan å sitje oppå kvarandre. Nokre kommunar, som Stryn og Hornindal, har i tillegg bestemt seg for å byggje utedo ved hyttene.

Dagsturhyttene hadde aldri blitt til utan fylkeskommunen som pådrivar og tilretteleggjar. Frå å lansere ideen, ordne mykje av finansieringa, skape engasjement og til slutt få kommunane med, ligg det eit solid stykke arbeid som no kjem innbyggjarane i fylket til gode.