Per Bolstad Plass:

Skal vere ferdig 9. mai

Det var konsensus om å invitere til spleiselag mellom Stryn kommune og næringslivsaktørar om Per Bolstad-plass

Per Bolstad-plass: Fire lysmaster med fire lysarmatur i kvar mast skal lyse opp nytt granitt-dekke på Per Bolstad-plass som skal stå ferdig i mai neste år. Plassen skal opnast opp, hevast og diverse murar vil bli fjerna.   Foto: Skisse: ÅF Lightning

Nyhende

Saman med prosjektingeniør Hanne Vangen hadde kommunalsjef Geirmund Dvergsdal invitert næringslivsaktørar frå sentrum til møte om Per Bolstad der lyssetting, utsmykking og økonomi var tema.

Vangen orienterte om korleis kommunen ser for seg lyssetting av plassen. Fire sju meter høge lysmaster i kvart hjørne av Per Bolstad plass med fire lysarmatur i kvar, er tenkt oppført. Desse kan utstyrast med lysstyring og kan til dømes ha kvitt lys eller farga lys med ulike mønster.