Stryn stiller som favorittar

Damelaget til Stryn fotball møter eitt av botnlaga på Stryn stadion fredag kveld.

Meir jubel? Stryn håpar på meir jubel mot Balestrand.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Etter eit surt 0–1 tap mot Studentspretten sist står Balestrand på motsett banehalvdel i denne serierunden i 3. divisjon, eit lag Stryn slo heile 9–0 på bortebane i vår.

Halvard Bøe sitt lag må difor finne seg i å stille som klare favorittar mot sogningane, men trenaren tek ingenting for gitt:

– Kan hende vi er favorittar, men kampen startar på 0–0. Vi må unngå å ta lett på det, undervurdering er ein skummel sak.

Kaisa Vollsnes Wemby, Andrine Lødemel Bøe og keeper Anna-Sofie Auflem er uaktuelle til kampen mot Balestrand. Kaja Sæbø tek sistnemnde sin plass mellom stengene.