No har hornindalordføraren sendt brev til Fylkesmannen i Møre og Romsdal og ber dei vurdere gjesteelev-avtale med Sogn og Fjordane. Dette for å sikre elevane plass ved skulane i Nordfjord sjølv om linjene skulle vere fulle. Ut frå dagens ordning vil elevar frå Hornindal etter 2019 måtte finne seg i å stå sist i køen ved skular i Sogn og Fjordane, sidan dei etter samanslåing med Volda tilhøyrer ein annan region.
Sogn og Fjordane har i dag ei slik avtale med Hordaland. Avtalen gjeld for inntil 55 elevar og har ein pris på 80.000 kr per elev per år.