Ambassadøren frå Hoplandstunet

Bård Hopland har over 30 år bak seg i norsk utanriksteneste. Dei siste åra som ambassadør i ulike afrikanske land. Når kvardagen handlar om vassutfordringar og fredsavtalar kan ikkje kontrasten bli stort større enn hytteferie og dorging etter aure på Hopland.

Barndoms paradis: Bård Hopland på hytteterassen, idyllisk plassert ved fjorden vest for kaia på Hopland. Nedanfor ligg båten klar til nye dorgeturar etter aure. Her samlar Hopland ny energi til tidvis langt meir krevjande dagar som ambassadør i Khartoum i Sudan.   Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Sommarstid brukar 66-åringen å unne seg nokre veker på hytta som ligg vest for kaia i heimbygda. No fekk han lurt inn nokre ekstra dagar i samband med eit klassejubileum for ungdomsskulen.