Digitaliserer fjelltrimmen

I neste veke startar Hornindal IL med digital registrering i fjelltrimmen.

Populær: Ytrehornsnakken er ein av dei populære trimpostane i fjelltrimmen i Hornindal.   Foto: Hornindal skule

Nyhende

Fjelltrim er populært. I Hornindal er det fleire av trimpostane som får over 20.000 registrerte besøk i året. Med Fjelltrimmen, Supertrimmen (innom alle postar i løpet av året) og Juniortrimmen å halde styr på er det eit omfattande arbeid å gå gjennom listene.

– Difor innfører Fjelltrimmen i Hornindal no digital registrering, fortel leiar i trimgruppa i Hornindal IL, Lindis Tomasgard Torheim.