Ein «runding» mindre ved skulen

Prosessen med skulebygging i Hornindal er godt i gang. Eine rundingen er riven, og denne veka byrjar ein på fundament til nybygget.

God plass: For augneblinken er det god boltreplass utanfor skulen og Honndalshallen, men ganske snart vil nybygget byrje å ta form der det tidlegare rundbygget stod.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Det har gått veldig greitt, men det var meir eternitt enn det som var kartlagt på førehand. Så ein måtte setje på ekstra folk, men vart ferdige som planlagt denne veka, kunne prosjektleiar Audun Gausemel fortelje.

Han orienterte Utvalet for Oppvekst og helse om status for utbyggingsprosjektet, og kunne også fortelje om nokre endringar ved sjølve romløysingane. Kjøkkenet har bytt plass med naturfagrommet og er kome opp i 2. etasje, og der vil det også bli tilrettelagt med allergikjøkken. Totalt sett har kjøkkenavdelinga fått større plass, og ligg no i tilknyting til to grupperom som kan gjerast om til eitt stort ved å opne ein skyvevegg.