Lerøyleikane i friidrett

I helga går Lerøyleikane i friidrett av stabelen på Osterøy. Indre Nordfjord er sterkt representert.

Lerøyleikane: Ruben Eide Gjerde frå Olden stiller i Lerøyleikane i helga.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Lerøyleikane er ein konkurranse mellom alle krinsane i Norge og omfattar årsklassane 13–14 år. Vestlandet (Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agderfylka) møtest altså til konkurransar på Osterøy, og indre Nordfjord er representert med åtte utøvarar.

Frå Vikane stiller Isak Heggdal Skogen (13), Aleksander Sunde (14) og Håvard Johan Hilde (14). Frå Loen stiller Maja Fuglestrand Baade (13), frå Stryn T&IL Jon Kristoffer Kveen Øvre-Flo (13) og frå Hornindal Ingeborg Sofie Sætren (13) og Torje Seljeset (13). Frå Olden stiller Ruben Eide Gjerde (13).