250 kilometer med plommer!

Følgde frukta: Etter å ha vore ute i frukthagane fekk elevane følgje plommene inn på fruktlageret der dei vert sorterte og sende vidare. Frå venstre Issra Agha, Anastacia Grøsvik, June Frøholm, Angelica Gumatay, Marte Haugen, Ingeborg Reme, Noah Hatlenes, Thomas Reme, Mathias Hopland, Emil Solbu, Marcel Piwko, lærar Arnt Inge Verlo og Ingunn Reme frå Innvik Fruktlager.  Foto: Gunnhild Sindre

Alle kjenner til denne store, blå bygningen frå utsida, men langt frå alle har vore inne. Dei fleste blir overraska over kor stort her er

Henriette Hatling, dagleg leiar
Nyhende

20–25 mil med plommer, om du legg dei etter kvarandre på vegen. Så mykje plommer var det inne på Innvik Fruktlager då skuleklassar frå Vikane skule var på besøk denne veka.

Elevar frå 4.–7. trinn ved Vikane skule har vore med på plommehausten i heimbygdene. Først i ein frukthage i Utvik, deretter på Innvik Fruktlager.