Ingen einvegskøyring

Populær plass: Badeplassen i Avleivikja ligg like nedanfor Tyvanestunnelen.  Foto: Harald Vartdal (arkiv)

Nyhende

Statens vegvesen har gitt avslag på Stryn kommune sin søknad om einvegskøyring på gang- og sykkelvegen ved Tyvanestunnelen.

Kommunen søkte om å skilte gang- og sykkelvegen som einvegskøyrt frå Loensida av Tyvanestunnelen. Kommunen skreiv i sin søknad at det er fleire parkeringsplassar langs gang- og sykkelvegen som kan nyttast i tillegg til at det er laga til tursti frå gang- og sykkelvegen til badeplassen.