Samde om 50 % av maksimal avgift

Helse- og sosialutvalet i Stryn har vedteke tilsynsavgift for salsstadar av tobakksvarer i kommunen.

Tilsynsavgift for salsstader av tobakk er sett til 2.250 kroner for Stryn kommune.   Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

– Ei tilsynsavgift på 4.500 kroner kan virke høg i Stryn kommune der utsalsstadane varierer mykje i storleik og i omsetning av tobakksvarer. For store kjedar kan ein forstå at dei må betale ei slikt avgift, men for ein liten campingplass med ein liten kiosk kan denne avgifta bli dyr, heiter det i rådmannen si vurdering av saka.